Salgsingeniør

Skarpenord AS vart etablert på slutten av 1960-talet som ei avdeling i Norsk Hydro, Rjukan Fabrikker. I 1985 gjekk Skarpenord ut av Norsk Hydro og vart eit sjølvstendig selskap. Skarpenord er ein leiande leverandørar av hydrauliske ventilstyresystem til maritim og offshore industri.

Vi søker salgsingeniør til avdelinga på Husnes.

Tilsetjingsform: fast
Søknadsfrist: fortløpande vurdering

ANSVARSOMRÅDE

  • Utarbeide tilbod, oppfølging og direkte kundekontakt
  • Følge opp salgsaktivitetar
  • Vere oppdatert på marknaden for å vurdere nye kundar og prosjekt
  • Jobbe sjølvstendig og målretta
  • Kundeveiledning  
  • Forhandle og sluttføre avtalar med kundar
  • Utvikle eksisterande kundeportefølje og nysalg
  • Marknadsføre selskapet sine produkt og tjenestar til kundar (kundebesøk, messer ol)

Du bør vere fleksibel, sjølvstendig og bli motivert av gode resultat. Mekanisk ingeniørutdanning er ein fordel, men lang erfaring kan kompensere for formell utdanning. Kandidatar til stillinga må ha en positiv haldning og vere opptatt av å levere kvalitet. Norsk og engelsk, muntleg og skriftleg er eit krav.

ØNSKA PERSONLEGE EIGENSKAPAR

  • God teknisk forståing
  • Service-minded med kundefokus
  • Resultatfokusert
  • Jobbe sjølvstendig og målretta
  • Trygg og robust, tole hektiske periodar
  • Strukturert, planmessig og faktabasert
  • Samarbeidsorientert og flink til å kommunisere på ulike nivå
  • Vera løysningsorientert i sitt daglige «virke» både internt og eksternt

VI TILBYR
Hos oss vil du få erfaring innan eit bredt fagområde, samt personlege utviklingsmulighetar.
Vi kan tilby deg interessante arbeidsoppgåver i ein dynamisk organisasjon med godt arbeidsmiljø.
Ønskjer du å vere med å skape ei framtidsretta og velfungerande bedrift? I såfall ser  vi fram til å høyre frå deg.

KONTAKT  
For ytterlegare informasjon om stillinga, kontakt: Bjørn Erik Eliassen | Sales Director | Tlf. +47 40 44 47 55
Vi ønsker søknad og CV sendt til career@skarpenord.no.

Sidan selskapet søkjer etter ulike posisjonar, vennligst merk «stilling» i emnefeltet på mailen. Eksempelvis «Salgsingeniør» 

ARBEIDSSTAD

Husnes, Kvinnherad kommune